Scott Coast () er den delen av kysten av Victoria Land som ligg mellom Cape Washington og Minna Bluff. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) i 1961 etter kaptein Robert Falcon Scott i Royal Navy, leiar av «Discovery»-ekspedisjonen (1901–04) og den britiske antarktiskekspedisjonen (1910-13), der han mista livet på veg attende frå Sørpolen. Mykje av den tidlege utforskinga av denne kystlinja vart gjort av Scott og mannskapet hans, og mange stader i regionen vart namngjevne av han.

Kjelder

Kategori:Kystar i Victoria Land Kategori:Oppkallingar etter Robert Falcon Scott Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar