Archipel de Pointe Géologie ('Geologipunktøyane') er ei lita øygruppa med små øyar og skjer like nord for Cape Géodésie og Astrolabe Glacier Tongue, som strekkjer seg frå Helene Island i vest til Dumoulin Islands i aust. Den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville gjekk i land Débarquement Rock i Dumoulin Islands den 22. januar 1840. Fordi dei samla inn steinprøvar, gav dei namnet «Pointe Géologie» til eit kjennemerke på kysten sør for Débarquement Rock. Øygruppa vart delvis skissert frå luftfoto teken av U.S. Navy Operation Highjump, 1946–47. Etter landmålingar av Den franske antarktisekspedisjonen i 1950–52 gav franskmennene øygruppa namnet «Archipel de Pointe Géologie».

I 1952 vart det bygt ein liten base på Île des Pétrels for å studere ein rugestad for keisarpingvinar. Denne basen vart kalla Base Marret. Då hovudbasen Port Martin vart øydelagd av brann natt til 23. januar 1952, vart Base Marret vald som overvintringsstad 1952-1953. Den nye hovudbasen, Dumont d'Urville Station, vart bygt på same øya, 62 km vest for Port Martin, og opna 12. januar 1956 som senter for fransk forsking i Det internasjonale geofysiske året 1957–58. Stasjonen har vore aktiv sidan den gong.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Géologie Archipelago» frå , den 15. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Map of Pointe Géologie archipelago, site of Service Hydrographique et Océanographique de la Marine IGN Map of Pointe Géologie archipelago, site of Secretariat of the Antarktistraktaten, Documents, Historic Sites and Monuments Map of Pointe Géologie archipelago and Cap Prud'homme, site of Institut Polaire Map of Pointe Géologie archipelago and Dumont d'Urville station, site of Ornithomedia

Kategori:Øygrupper i Sørishavet Kategori:Øyar i Adélie Land