Jinci eller Jin-tempelet er det best kjente tempelkomplekset i Shanxi. Det ligg 25 km sørvest for Taiyuan ved foten av fjellet Xuanweng ved Jin-kjelda. Det vart grunnlagt for om lag 1400 år sidan og vart utvida i løpet av dei neste hundreåra. I dag er det ei variert samling av meir enn 100 skulpturar, bygningar, terrassar og bruer.

Historie Tempelet går tilbake til 400-talet og vart opphavleg laga for forfedredyrking, noko som gjer det sjeldan. Det vart bygd til minne om den første Jin-herskaren under Zhou-dynastiet, Tang Shuyu, og mor hans. Seinare har det vore brukt til ulike religiøse kultar og som kloster.

Keisar Tangtaizong av Tang-dynastiet vitja staden i 646 og skreiv epigrafar om det. Under Nordlege Song (960-1127) vart tempelet vølt og det vart bygd ein hall til minne om Yijiang, mor til Tang Shuyu.

Bygningar mini|venstre|Statue av Den heilage mora Det best kjente byggverket i Jinci er Hallen til den heilage mora (圣母殿, Shèngmǔdiàn), som vart reist i tida frå 1023 1032 under Song-dynastiet. Det har utskorne drakar i tre som slynger seg rundt åtte pilarar som støttar eit oppoverretta dobbeltrafta tak. I tempelkomplekset er det ein klassisk hage med ein 3000 år gammal sypress frå tida til Zhou-dynastiet.

Vest for Hallen til den heilage mora ligg eit tempel vigd vassguddommen Shuimu.

Like ved Jinci ligg Wang familiehall, ein privat villa bygd i 1532 for Wang Qiong som var ein høgtståande embetsmann under Ming-dynastiet.

Jinci-tempelanlegget vart i 1961 ført opp på Folkerepublikken Kina si liste over verneverdige kulturminne.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jinci» frå , den 2. oktober 2020.

Bakgrunnsstoff Jinci tempel ved visitourchina.com

Kategori:Tempel i Shanxi Kategori:Kulturminne i Shanxi Kategori:Taiyuan Kategori:Byggverk frå Song-dynastiet Kategori:Jin-staten