«Man on the Corner» er ein song av det britiske bandet Genesis frå albumet Abacab frå 1981. Songen vart gjeven ut som singel den 5. mars 1982 og er skriven av Phil Collins. Singelen nådde 41. plass på UK Singles Chart.Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.

Teksten Teksten skildrar ein mann som plar å stå på eit gatehjørne og rope til dei som går forbi. I følgje radioprogrammet In the Studio with Redbeard (som omhandla innspelinga av Abacab), er det den første songen Collins skreiv om heimløyse og kor motvillige samfunnet er til å hjelpe dei heimlause. Med berre ein enkel trommemaskinrytme har songen ein musikalsk mørk tone. Nær slutten av 1980-åra skreiv Collins igjen ein song om heimløyse med songen «Another Day in Paradise». På songen vert det nytta ein Roland TR-808-trommemaskin, før det vert byta til vanlege trommer under mellomspelet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Man on the Corner» frå , den 18. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar om heimlause Kategori:Charisma Records-singlar