Martin Islands er ei øygruppe og skjer som strekkjer seg over 5 nautiske mil (9 km) og som ligg 5 nautiske mil (9 km) aust for nordenden av Île Renaud og 1 nautisk mil (1,9 km) vest for Vieugue Island i Grandidier Channel i Antarktis. Ei øygruppe nord for «Pitt Island» vart grovt kartlagd og kalla Martin Islands etter kaptein Martin i Den argentinske marinen, av Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, under Charcot. Flyfoto har vist at det ein trudde var ei stor øy kalla Pitt, i røynda er ei gruppe småøyar. Sidan dei ligg i ei gruppe utan noko logisk deling mellom seg, vart det tidlegare namnet Pitt endra til Pitt Islands og nytta om alle øyane nord for Île Renaud. Namnet Martin Islands vart overført til gruppa som no er skildra for å bevare namnet til Charcot i området.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Biscoe Islands