«Belgica» var namnet på skipet Roald Amundsen mønstra på som styrmann og for første gong sigla til Antarktis med. Skipet, som var ein bark, heitte opphavleg «Patria», var konstruert av Johan Chr. Jakobsen, og vart bygd som kvalbåt i Svelvik i 1884.

Belgica-ekspedisjonen

mini|venstre|«Belgica» i Antarktis Skipet vart selt til Adrien de Gerlache i 1896 for 50 000 norske kroner for ein ekspedisjon til Antarktis. Han døypte skipet «Belgica» og forlét Antwerpen den 16. august året etter. Dette var det første skipet som overvintra i Antarktis, og er eit av dei få forskingsskipa som har vore i både arktiske og antarktiske område.

Skipa og mannskapet vart dei første til å overvintre i Antarktis då båten ikkje klarte å kome ut av ismassane før den antarktiske vinteren sette inn. 28. februar 1898 fraus båten fast. Først 13 månader seinare klarte mannskapet å få båten laus frå isen. Dei kom tilbake til Antwerpen den 5. november 1899.

Forutan Roald Amundsen som styrmann var det fem andre nordmenn blant mannskapet på nitten. Nansen og Amundsen møttest for første gongen på dekket på denne skuta.

Seinare bruk Skipet vart etterkvart kjøpt av Duc d'Orléans, som sigla med Adrien de Gerlache på fleire andre ekspedisjonar. Det vart omdøypt til «Isfjord» og brukt som frakteskute i kolfart mellom Svalbard og Noreg under den første verdskrigen.

Mellomkrigstida Skipet vart kjøpt av Kristian Holst frå Harstad i 1918. Han gav det igjen namnet «Belgica» då det vart konvertert til flytande fiskeforedlingsanlegg og brukt under Lofotfisket.

Andre verdskrig I maidagane 1940 brukte britane «Belgica» som flytande ammunisjonsdepot, fram til skuta vart søkkt i Brurvika på Stangnes i Harstad under eit tysk luftåtak 19. mai 1940.

Vrakfunn I 1990 vart vraket lokalisert, og det har sidan 2004 vekt merksemd blant belgiske vitskapsmenn.

Belgica Societé I 2006 vart det i Belgia stifta eit non-profit interesseselskap, Belgica Societé, som består av arkeologar og marinbiologar. Belgiarane ynskjer å flytte heile eller delar av vraket frå Brurvika i Harstad til Belgia. Ein kopi i fullskala-storleik av båten skal byggjast i Belgia og gjerast om til museum. Prosjektet vart offisielt lansert 9. september 2007 ved De Steenschuit-verftet i Boom i Antwerpen av Kris Peeters, minister-presidenten for Flandern.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på ««Belgica»» frå , den 21. oktober 2012. oppgav desse kjeldene: "Bygger kopi av Belgica" ht.no 02.11.2006

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bilder av «Belgica» Nasjonalbibliotekets samling

Kategori:Norske seglskip Kategori:Barkar Kategori:Kvalbåtar Kategori:Norske handelsskip Kategori:Belgiske skip Kategori:Polarskuter Kategori:Norsk polarhistorie Kategori:Skip frå 1884 Kategori:Skip sluttsegla i 1940