The Way We Walk, Volume Two: The Longs er det femte konsertalbumet til det britiske bandet Genesis og kom ut i 1993. Det vart spelt inn under turneen deira i 1992 for We Can't Dance. Albumet er det siste med Phil Collins før han slutta i bandet i 1996.

Medan det tilhøyrande, føregåande albumet, The Way We Walk, Volume One: The Shorts, inneheld nyare popsongar, inneheld The Way We Walk, Volume Two: The Longs dei lengre songarn til bandet. Dei spelte mellom anna medleyar av gamle songar.

The Way We Walk, Volume Two: The Longs gjekk heilt til topps på albumlista i Storbritannia og låg inne på lista i ni veker. I USA nådde albumet 20. plass. Dette er det siste albumet til Genesis som nådde toppen av ei albumliste.

Innhald

Medverkande Phil Collins – solovokal, trommer, perkusjon Tony Banks – klaverinstrument, vokal, korvokal Mike Rutherford – gitar, bass, korvokal

Andre musikarar Daryl Stuermer – gitar, bass, Chester Thompson – trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Way We Walk, Volume Two: The Longs» frå , den 21. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Nick Davis Kategori:Genesis-album Kategori:Konsertalbum frå 1993 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Virgin Records-album