Danco Island eller Isla Dedo er ei øy utanfor Antarktis, som ligg i den sørlege delen av Errera Channel, utanfor vestkysten av Graham Land. Ho vart kartlagd av Belgica-ekspedisjonen under Adrien de Gerlache, 1897–1899. Danco Island vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey frå «Norsel» i 1955, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Emile Danco (1869–1898), ein belgisk geofysikar og medlem av Belgica-ekspedisjonen, som døydde ombord på «Belgica» i Antarktis.
Galleri
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Danco Coast