«No Self Control» er ein song skriven og framført av den britiske musikaren Peter Gabriel. Som med dei andre songane på albumet er teksten særs mørk og kan tolkast som at han anten handlar om intens grådigheit eller begjær, eller mental ustabilitet og forfall av psyken. Som på den førre songen på albumet, «Intruder» er det ein xylofonsolo på songen.
Med på songen spelar Robert Fripp gitar, Phil Collins trommer og Kate Bush syng korvokal.
Før songen vart spelt inn for albumet Peter Gabriel i 1980, vart han framført på konsertar av Gabriel under arbeidstittelen «I don't know how to stop».
Det vart laga ein musikkvideo til songen i 1980.
7" britisk singel (1980) «No Self Control» - (3:47) «Lead A Normal Life» - (4:10)
Medverkande Peter Gabriel – solovokal Kate Bush – korvokal David Rhodes – gitar Robert Fripp – gitar John Giblin – bassgitar Larry Fast – synthesizer, handsaming Phil Collins – trommer Morris Pert – perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «No Self Control (Peter Gabriel song)» frå , den 25. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Peter Gabriel-songar Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Peter Gabriel Kategori:Songar produserte av Steve Lillywhite Kategori:Eksperimentelle rockesongar Kategori:Charisma Records-singlar