Paul Weller () er ein engelsk songar og låtskrivar.
Musikar Han starta i bandet The Jam (1976–1982) og drog seinare i ein meir soul-aktig retning med The Style Council (1983–1989). I 1991 starta han ein karriere som suksessrik soloartist, og er i dag ein respektert songar, tekstforfattar og gitarist.
Trass i mykje ros frå kritikarane, har Weller vore langt meir kjend i heimlandet enn internasjonalt, og mykje av låtskrivinga hans har røter i engelsk kultur. Han var ein viktig person i mod revival-rørsla i 1970- og 1980-åra og vart ofte omtalt som the Modfather.
Skodespelar Weller debuterte som skodespelar i ein av birollane i spelefilmen Blitz (2024), og fekk rosande omtale for sin innsats i filmen.
Diskografi Studioalbum Paul Weller (1992) Wild Wood (1993) Stanley Road (1995) Heavy Soul (1997) Heliocentric (2000) Illumination (2002) Studio 150 (2004) As Is Now (2005) 22 Dreams (2008) Wake Up the Nation (2010) Sonik Kicks (2012)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paul Weller» frå , den 26. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Paul Weller dot Com The Moons
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske new wave-musikarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Mod revival Kategori:Folk frå Woking Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:NME Awards-vinnarar