Hopøy er ei av dei største av Rauer i Antarktis, vest-sørvest for Filla. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37), som namngav øya. Dei kartla øya som ei større øy, inkludert ein sørleg arm som danna ei vik. Øya vart meir nøyaktig skissert av John H. Roscoe i 1952 frå flyfoto teken under U.S. Navy Operation Highjump (1946–47). Namnet Hopøy eller Hop Island vart nytta om den største delen som var att av øya, etter forslag frå Roscoe.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Princess Elizabeth Land