Trynøyane er ei gruppe småøyar og skjer, kring 4 nautiske mil (7 km) i utstrekning, som utgjer den vestlege grensa av Trynevika og Trynesundet ved nordaustenden av Vestfold Hills. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37) og namngjevne av dei.
Thorshavnekspedisjonen 1934–35 gjekk i land her 20. februar 1935 og oppførte ein steinvarde og ei tremast. Desse minnesmerka er oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis og er verna i tråd med Antarktistraktaten.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kategori:Øyar i Princess Elizabeth Land Kategori:Verneområde i Antarktis