mini|Carlo Janka i 2010 Carlo Janka () er ein sveitsisk skirennar frå Obersaxen i kantonen Graubünden.

Aktiv Janka debuterte i verdscupen i alpint i desember 2005, og tok sine fyrste poeng i desember 2006 med ein 20. plass i storslalåm i Alta Badia.

I utforrennet i Lake Louise i Canada 29. november 2008 suste Janka, frå startnummer 65, inn til ein overraskande andreplass. To veker seinare, 13. desember 2008, tok han steget heilt til topps i storslalåmrennet i Val-d’Isère og sikra seg dermed sin fyrste siger i verdscupen. Under alpin-VM i Val-d’Isère i februar 2009 vart han verdsmeister i storslalåm og fekk bronse i utfor. I 2008/09-sesongen vann han også pokalen som bestemann i den alpine kominasjonen av verdscupen.

Janka var i 2010-sesongen den beste skialpinisten i verda. Under vinter-OL i Vancouver vann han gull i storslalåm, kom på fjerdeplass i den alpine kombinasjonen, åttandeplass i super-G og på ellevteplass i utfor. Han vann verdscupen samanlagt og vart nummer to både i storslalåmcupen, utforcupen og kombinasjonscupen.

I 2011 vart han nummer tre i den totale verdscupen, bakom Ivica Kostelić frå Kroatia og sin eigen landsmann, Didier Cuche. Seks gongar kom han på pallen i verdscuprenn, hans einaste siger kom i storslalåm i Kranjska Gora i mars månad. 2012-sesongen vart heller mislukka for Janka, med ei einaste pallplassering.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap DatoStadRennMedalje/plassering13. februar 2009 Val-d’Isère Storslalåm 16px|Gull Gull7. februar 2009 Val-d’Isère Utfor16px|Bronse Bronse23. februar 2010 Vancouver Storslalåm 16px|Gull Gull9. februar 2011 Garmisch-Partenkirchen Super-G Nr 7 18. februar 2011 Garmisch-Partenkirchen Storslalåm Nr 7

Verdscupsigrar Dato Stad Øving 13. desember 2008 Val-d’Isère Storslalåm 16. januar 2009 Wengen Superkombinasjon 4. desember 2009 Beaver Creek Superkombinasjon 5. desember 2009 Beaver Creek Utfor 6. desember 2009 Beaver Creek Storslalåm 16. januar 2010 Wengen Utfor 7. mars 2010 Crans-Montana Super-G 12. mars 2010 Garmisch-Partenkirchen Storslalåm

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carlo Janka» frå , den 27. oktober 2012.

Denne artikkelen bygger på «Carlo Janka» frå , den 27. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018