thumb|right Stavne–Leangenbanen er ei 5,8 km lang jernbanestrekning i Trondheim kommune. Banen tar av frå Dovrebanen ved Stavne på vestsida av Nidelva, kryssar elva og deretter E6 før han kjem til Lerkendal haldeplass, som i dag er den einaste haldeplassen på strekninga. Vidare går jernbanen gjennom den 2,7 km lange Tyholttunnelen før han kjem ut ved Leangen stasjon, og kjem inn på Meråkerbanen mot Hell. I 2013 vart det nybygde sørlege sporet frå Dovrebanen gjenopna etter at dei omfattande vegarbeida i området var ferdige. Banen vil bli elektrifisert som den første delen i samband med elektrifiseringa av Meråker- og Nordlandsbanen som er planlagt ferdig i 2024.http://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/Elektrifisering-trondelag/

Historikk Stavnebanen vart påstarta under 2. verdskrigen etter ønske frå Wehrmacht for å få ein alternativ jernbane utanfor Trondheim sentrum ved ein eventuell sabotasjeaksjon. Fordi det tok lang tid å bygge tunnelen, begynte ein òg å bygge ei parallellstrekning frå Skansen stasjon og gjennom Sandgata. Då krigen var slutt var likevel ingen av dei to strekningane ferdige. Sporet frå Sandgata og vidare gjennom Olav Tryggvasons gate hadde berre nådd Søndre gate. Vidare bygging av Stavne–Leangenbanen vart utsett, og han vart offisielt opna først 2. juni 1957. Til å begynne med vart han berre nytta til godstrafikk, men sidan 1988 er strekninga mellom Marienborg og Lerkendal trafikkert på kvardagar av lokaltog frå Steinkjer. Gjennom Tyholttunnelen går det framleis berre godstrafikk.

Linjekart

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Samferdsle i Trondheim Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg med persontrafikk Kategori:Jarnbanestrekningar i Trøndelag Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1957 Kategori:1957 i Noreg