Reidholmen eller Reid Island er ei øy ved austsida av innløpet til Iceberg Bay, langs sørkysten av Coronation Island i Sør-Orknøyane. Namnet «Reidholmen» vart nytta om ei lita øygruppe på eit kart teikna av kaptein Petter Sørlle i 1912-13. Ho vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948-49 og det vart oppdaga at det berre var ei øy i dette området.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Sør-Orknøyane