Musea i Sogn og Fjordane STI (MiSF) er ei stifting med føremål å drive museum, det vil seia å drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling på kunst- og kulturhistorie i regionen Sogn og Fjordane.
MiSF har 13 besøksarenaer for publikum: Astruptunet, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Eikaasgalleriet, Holvikejekta Nordfjord Folkemuseum, Kvernsteinsparken, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sogn Fjordmuseum, Sogn Kunstsenter, Sunnfjord Museum og Vågsberget.
Formidlinga og publikumstilbodet er samlingsbaserte utstillingar, utstillingar basert på innlånt kunst, arrangement, aktivitetar og kurs. Nokre av musea er ope størstedelen av året, medan andre er opne i sommarsesongen.
Historie MiSf vart stifta 14. januar 2009, med bakgrunn i ei konsolideringsavtale for fem museum, og museum som måtte komme til. Dette var Kystmuseet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Norsk Kvernsteinsenter kom med frå 1.1.2013. Einskildmusea heldt fram med eigne namn i den konsoliderte museumseininga. Dei tidlegare eigarane av musea overdrog det faglege, administrative og økonomiske ansvaret til stiftinga.
Organisering Musea i Sogn og Fjordane er organisert i fire fag-avdelingar på tvers av enkeltmusea. Avdelingane har eigen direktør med personalansvar og er slik delt opp: Avdeling for forsking og bevaring, avdeling for kulturhistorie, avdeling for kunst. Den fjerde avdelinga er stab, med ein leiar for dei fire seksjonane økonomi og administrasjon, HR, drift og kommunikasjon og marknad. Denne held til på Sandane i Gloppen kommune.
Det einskilde museum er lokalt leia av ein museumsleiar. Stiftinga har omlag 60 tilsette, pluss rundt 40 sesongtilsette sommarvertar. Det er den største kulturarbeidsplassen i Sogn og Fjordane, og ein av dei største kulturverksemdene som har nynorsk som administrasjonsspråk.
Samlingane vert gjort digitalt tilgjengeleg for publikum. Av vel 120 000 gjenstandar og foto, er vel 38 000 registrert på DigitaltMuseum.Musea i Sogn og Fjordane ved DigitaltMuseum Dette er eit pågåande arbeid. Stiftinga satsar på kunnskapsproduksjon og å publisere ny forsking, som ein kan finne på Nasjonalt Vitenarkiv.
Administrerande direktør for MiSF er Jan Heggheim. Styreleiar er Ivar Kvalen.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Musea i Sogn og Fjordane ved DigitaltMuseum
Kategori:Museum i Vestland Kategori:Skipingar i 2009