«Born to Die» er ein song av den amerikanske songaren Lana Del Rey frå det andre studioalbumet hennar, med same namn. Songen vart gjeven ut son den andre singelen hennar den 30. desember 2011 på Interscope Records. Songen vart skriven av Del Rey og Justin Parker, og produsert av Emile Haynie. Musikalsk er «Born to Die» ein neddempa ballade medan teksten handlar om eit forhold som er dømd til å mislukkast. Kritikarane merka seg at den apokalyptiske teksten og strykarane minna om komposisjonane til John Barry. Han fekk middels til gode meldingar av kritikarane, som meinte han var like stemningsskapande, men likevel lik, den førre singelen til Del Rey, «Video Games». I Storbritannia vart «Born to Die» den andre singelen til Del Rey på Topp 10 og nådde 9. plass den 4. februar 2012.

Det vart laga musikkvideo til songen, regissert av Yoann Lemoine, som syner Del Rey i eit ustabilt forhold med kjærasten, spelt av modellen Bradley Soileau, der dei er på ein biltur so med at ho vert drepen.

Komposisjon

Songen har ein «lett apokalyptisk» tekst, og opnar med linjene «Feet don't fail me now/ Take me to the finish line/ Oh my heart, it breaks every step that I take/ But I'm hoping at the gates, they'll tell me that you're mine.» I følgje songaren er songen «ei hyllest til ekte kjærleik og det ville livet», eit tema ein kan høyre i linjer som «Let me kiss you hard in the pouring rain, you like your girls insane.» Denne linja var annleis i den originale versjonen av songen der Del Rey song «Let me fuck you hard in the pouring rain» i staden for. Laura Snapes i NME samanlikna musikken med «sklier av smelta sjokolade pressa fram av ulasteleg produksjon», med John Barry-aktig «piskande strykarar» som minnar om musikken i Tatt av vinden (1939) og Western (1997).

Songen inneheld samplingar av vokalen frå «Long Red» av musikkgruppa Mountain.

Format og innhald

7" vinylBorn to Die at discogs.com "Born to Die" "Born to Die" (Woodkid & the Shoes Remix)

CD-singelBorn to Die CD-singel at discogs.com "Born to Die (Album Version)" - 4:46 "Video Games (Rainer Weichhold & Nick Olivetti Radio Edit)" - 3:50

UK promo CD "Born to Die" (single mix) – 4:09 "Born to Die" (album version) – 4:47 "Born to Die" (instrumental) – 4:48

The Remix EPBorn to Die Remixes at discogs.com "Born to Die (Album Version)" - 4:49 "Born to Die (PDP / 13 Remix)" - 6:24 "Born to Die (Woodkid & The Shoes Remix)" - 4:03 "Born to Die (Parrade Remix)" - 5:47 "Born to Die (Chad Valley Remix)" - 3:46 "Video Games (Rainer Weichhold & Nick Olivetti Remix)" - 7:43

Promo CD Single "Born to Die (Damon Albarn Remix)" "Blue Jeans (Penguin Prison Remix)"

Promo CD Single 2 "Born to Die (PDP/13 Remix)" "Blue Jeans (Penguin Prison Remix)"

Salslister Liste (2012) Plassering Kroatia (Radioliste)3Israel (Media Forest)8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Born to Die (song)» frå , den 10. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 2011 Kategori:Singlar frå 2011 Kategori:Lana Del Rey-songar