Nynorskmånaden er eit arrangement der deltakarane fokuserer på å skriva nynorsk i ein heil månad. Månaden kan vera ulike tider i året. Fleire stader har innført nynorskmånad for å fokusera på styrkinga av bruken av nynorsk, særleg i organisasjonar der ein treng å fylgja Mållova.
Utvikling Bakgrunnen for arrangementet var tre elevar ved Vågsbygd videregående skole i Kristiansand som syntest nynorsken blei sett altfor mykje ned på. Ved byrjinga varte månaden frå 9. november til 9. desember kvart år.
I 2011 vart det gjennomført nynorskmånad på nettstaden til Fylkesmannen i Telemark. Ordninga heldt fram, og i 2015 hadde fylkesmannen tre spreidde nynorskmånader – mars, mai og november. Det blei halde nynorskkurs, vektlagt å gje ut tekstar på nynorsk og intranettet vart gjort nynorskspråkleg.
I 2025 heldt Helsenorge nynorskmånad i mai og september for å følgje Mållova. Redaksjonen la vekt på omsetjing, korrekturlesing og publisering av innhald på nynorsk.
Kjelder
Kategori:Nynorsk