Nicholas Hilliard () var ein britisk miniatyrmålar og gullsmed frå Exeter. Han arbeidde også som portrettmålar.

mini|venstre|Ein ung mann lenar seg mot eit tre, ca 1588

Liv og gjerning Hilliard var son til ein gullsmed frå Exeter. Frå 1562 gjekk han sjølv gullsmedlære og vart meister i faget i 1569. Hans mest berømte kunstverk er likevel miniatyrportrett av høg kvalitet. Desse er også verdfulle som historiske dokument. Hilliard besøkte Frankrike i 1557-58 og vart då påverka av den franske hoffkunsten. Eit av Hilliards mest kjende verk er Ung mann mellom roser, som i sitt biletspråk står nært symbolismen i ei kjærleiksforteljing forfatta av vennen Philip Sidney.

Stilistisk syner arbeida til Hillard ein slektskap med verk av den tyske målaren Hans Holbein den yngre.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nicholas Hilliard» frå , den 14. november 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske målarar Kategori:Folk frå Exeter Kategori:Folk frå tudortida