Sherwin T. Wine () var ein amerikansk rabbinar som først og fremst var kjend som grunnleggjaren av Society for Humanistic Judaism.

Wine studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske meinigheita — i Detroit i 1963.

Han er ein hovudperson i ei lita gruppe av sekulære og ikkje-teistiske jødar som meiner at reint kulturelle uttrykk for jødedom er ein relevant innfallsvinkel til moderne jødisk identitet og meiner at grupper som står for dette synet bør godtakast på lik line med teistisk jødedom.

American Humanist Association utpeikte Sherwin T. Wine som «årets humanist» i 2003.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sherwin Wine» frå , den 3. august 2021.

Bakgrunnsstoff Society for Humanistic Judaism

Kategori:Humanistiske rabbinarar Kategori:Humanistisk jødedom Kategori:Reformrabbinarar Kategori:Askenasar