Mariner Islands er ei gruppe klipperik øyar og skjer som utgjer den nordlege, sentrale gruppa i Highjump Archipelago, og grensar til Edisto Channel i vest, Gossard Channel i sør og Remenchusbreen i aust. Dei vart kartlagde frå flyfoto teken av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) til minne om oppdaginga av eit stort isfritt område i vestenden av Knox Coast av mannskapet på eit sjøfly av typen PBM-Martin Mariner. Under fotograferinga av denne kysten i januar 1947, landa flyet i ei av buktene ved Bunger Hills og tok bilete frå bakken og henta inn vassprøvar.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kategori:Øyar i Ellsworth Land