Shelter Cove er ei lita vik på nordsida av Prince Gustav Channel, mellom Chapel Hill og Church Point på Trinityhalvøya. Namnet vart gjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC). Vika fekk dette namnet fordi ho er den einaste delen av denne kysten som gjev nok ly mot dei rådande sørvestlege vindane slik at ein kunne opprette ein god leirstad. Shelter er eit engelsk ord for «ly».

Kjelder

Kategori:Viker i Graham Land Kategori:Geografi på Trinityhalvøya