Pål Schjetne () er ein norsk, tidlegare kombinertløpar frå Trondheim. Han vart noregsmeister i øvinga i 1974 og tok elles to NM-sølv. Schjetne representerte Redalen Idrettslag.
Karriere Atten år gamle Schjetne imponerte då han vinteren 1972 tok NM-sølvet, bakom Kåre Olav Berg. I 1973 vann han junior-VM i kombinert i Toksovo ved Leningrad i Sovjetunionen. Under NM på ski i 1974 tok han sin einaste NM-tittel, då han i Selbu slo Arne Bystøl med knappe to poeng. Same sesongen kom Schjetne på 9. plass under verdsmeisterskapen i Falun. To år seinare kopierte han denne prestasjonen med ein ny niandeplass under vinter-OL i Innsbruck. Hans beste internasjonale resultat var tredjeplassen i Lahti i 1975, eit renn som vart vunne av verds- og olympiameisteren i kombinert, Ulrich Wehling.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1974: Nr 9 i ski-VM 1974 i Falun og nr 6 i Holmenkollen 1975: Nr 3 i Lahti, nr 6 i Holmenkollen 1976: Nr 4 i Falun, nr 9 i vinter-OL i Innsbruck 1978: Nr 10 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1972: Sølvmedalje i Trondheim Ski-NM 1973: Nr 5 på Lillehammer Ski-NM 1974: Gullmedalje i Selbu Ski-NM 1975: Sølvmedalje i Rælingen Ski-NM 1977: Nr 4 på Vang
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Pål Schjetne» frå , den 24. november 2012.
Bakgrunnsstoff Pål Schjetne i fis-ski.com Pål Schjetne i olympedia.org
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Trondheim