Bryne er ein by og tettstad i Time kommune i Rogaland fylke. Bryne ligg om lag 30 minutt med tog langs Jærbanen sørover frå Stavanger. Bryne har . Ein del av det tilgrensande tettbygde arealet i Klepp kommune, Kåsen, vert rekna med til tettstaden Bryne.
mini|venstre|Bryne Mølle Namnet «Bryne» kjem frå norrønt brún ('kant, skrent') og -vin ('eng').
Historie Bryne voks opp som ein stasjonsby rundt Time Station langs Jærbanen, som vart opna i 1878. Staden vart eit senter for handel, industri, økonomi og etter kvart utdanning. Av ulike institusjonar vart bedehuset Saron opna her i 1878, Jæderen Meieri og Jæderens Uldvarefabrik i 1898, meieriskule i 1906, og Rogaland Landsgymnas i 1924.
I 1921 vart det ved folkeavstemming bestemt at Time Station skulle endre namn til «Bryne». Bryne voks fort til å verta den største tettstaden på Jæren.
2001 blei Bryne ein by.
Sport Den lokale fotballklubben Bryne FK rykka ned frå 1. divisjon i 2016, og vil i 2017 spela i 2. divisjon.
Rosseland Ballklubb speler i 3.divisjon.
Kultur
1. oktober 2004 vart Fritz Røed-parken opna i parkområdet kring Mølledammen i Bryne sentrum. Parken har fleire skulpturar av kunstnaren Fritz Røed, som voks opp på Bryne.
I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Det skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne Garborg og Hulda Garborg sine tankar og visjonar. Målet er å inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og senteret skal vera ein sosial møteplass.
I 2015 opna Mellombels ølstove, ein utestad som fungerer både som konsertscene og pub.
Folk frå Bryne Nils Henrik Smith – forfattar Janove Ottesen – Artist Geir Zahl – Artist Erling Braut Haaland – Fotballspelar
Sjå òg Tettstader i Rogaland
Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland»
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Bryne by si offisielle heimeside Garborgsenteret si offisielle heimeside
Kategori:Byar i Rogaland Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Time kommune Kategori:Geografi i Klepp