Frigg Oslo Fotballklubb er ein fotballklubb på Majorstua i Oslo. Idrettslaget vart stifta i 1904. Klubben har bandy og fotball på programmet, og spelar heimekampane sine på Bislett stadion.
Fotball Laget spelar i 3. divisjon avdeling 4 (2020).
Klubben vann noregsmeisterskapen i fotball i 1914, 1916 og 1921. Klubben hadde òg ei glanstid på 1960-talet, då laget spela i Hovedserien. Frigg kom til cupfinalen i 1965, der det vart tap mot Skeid etter omkamp. I sesongen 2005 rykte laget ned til 3. divisjon.
Klubben sin trenar frå 2001 til i dag er den tidlegare Vålerengaspelaren Viggo Strømme. Dagleg leiar er Tor Røste Fossen, som tidlegare har vore trenar for det norske landslaget og Rosenborg BK.
Bakgrunnsstoff Klubben sin nettstad Frigg Oslo FK
Kategori:Idrettslag i Oslo Kategori:Fotballag frå Oslo Kategori:Skipingar i 1904