Larsen Harbour er ei, smal 2,10 km lang bukt i Drygalskifjorden, 2,8 km vest-nordvest for Nattriss Head, ved søraustenden av Sør-Georgia. Ho vart kartlagd av Den tyske antarktisekspedisjonen, 1911–12, under Wilhelm Filchner. Han namngav ho etter kaptein Carl Anton Larsen, ein norske polfarar i Antarktis, som gjorde fleire oppdagingar i Antarktis.
Fjella som nesten går i ring rundt bukta vart skildra av fotografen til Ernest Shackleton, Frank Hurley, som «særs vakre og til og med meir praktfulle enn fjella i Milford Sound».
Niall Rankin-ekspedisjonen på skipet «Albatross», var ei tid her og studerte weddellsel før dei gjekk inn i Esbensen Bay.
Området er fritt for rotter, slik at sørgeorgiapiplerke, petrellar og prionar trivst her. Fjella stuper bratt ned i sjøen og fleire isbrear kalvar ut i sjøen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Larsen Harbour» frå , den 29. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bukter på Sør-Georgia Kategori:Stader på Sør-Georgia kalla opp etter nordmenn