Miles Bay er ei lita bukt på sørsida av Isfjorden på Sør-Georgia. Namnet South Bay vart gjeven til vika av den skotske geologen David Ferguson då han vitja Sør-Georgia i 1911-12. Sidan dette namnet alt var godt kjend som ein arm av Prince Olav Harbor 18 nautiske mil (33 km) unna, tilrådde United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1957 å bruke eit nytt namn for denne bukta. Miles Bay er kalla opp etter kvalbåten «Don Miles», bygt i 1926, som var eigd av Compania Argentina de Pesca i 1934.
Kjelder
Kategori:Bukter på Sør-Georgia