Schubertfjorden er ein 26 km lang, isdekt fjord på vestkysten av Aleksanderøya som ligg mellom Colbert nord for fjorden og Walton Mountains sør for fjorden. Schubertfjorden får is tilført gjennom heile året frå Wilkins isbrem (som ligg like vest). Fjorden vart først kartlagd frå flyfoto teken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947-48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Han vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter den austerrikske komponisten Franz Schubert (1797-1828).
Sjå òg Brittenfjorden Haydnfjorden Stravinskyfjorden
Kjelder
Kategori:Fjordar på Aleksanderøya Kategori:Franz Schubert Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter austerrikarar