Carlsonfjorden er ein 160 km lang isdekt fjord, mellom Fletcher ishaug og Fowler ishaug sørvest i Ronne isbrem. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Ronald F. Carlson i US Navy, ein pilot som utførte mange flyturar i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året og US Antarctic Research Program i 1950 og 1960-åra. Den 14. desember 1961 kommanderte han ein flytur frå McMurdo Station over Ellsworth Mountains, då han observerte, fotograferte og grovt nedteikna denne fjorden.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carlsonfjorden» frå , den 1. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjordar i Queen Elizabeth Land Kategori:Filchner-Ronne isbrem Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar