Koppen Point er eit nes på nordaustsida av innløpet til Moltke Harbor i Royal Bay i Sør-Georgia. Namnet Koppenberg vart opphavleg gjeven av ei tysk gruppe av Det internasjonale polaråret, 1882–83, til ein liten ås lenger inn i bukta, kring 900 meter aust for den tyske basen. Det vart kalla opp etter professor Wladimir Köppen (1846–1940), ein kjend meteorolog og klimatolog, som tilrådde å opprette eit observatorium nær basen. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at åsen er for liten og for lite viktig til å få eit namn, men at neset i nærleiken ikkje hadde namn enno. For å oppretthalde namnet i området, vart det derfor flytta frå åsen til bukta.
Kjelder
Kategori:Nes på Sør-Georgia