Stemorsblom eller natt-og-dag (lat. Viola tricolor) er ein eit- eller toårig fiol, opp til 15 cm. høg. Blomstrar mest heile året, berre det ikkje blir for vått. Mest vanleg i sør-Noreg; havstrand, vegkant, berg, skogbryn.
Stemorsblom er brukt i folkemedisinen mot hudsjukdommar, luftvegskatarr, kikhoste, blærekatarr og som urindrivande middel. Han er dessutan eit symbol på «den frie tanken» innanfor livssynshumanismen.
Kjelder Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974. Pål Hermansen: Vakre vekster i skog og eng. Universitetsforlaget, 1988.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fiolar