Figueroa Point er eit isfritt nes heilt nordaust på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis på søraustsida av innløpet til Galápagos Cove. Dovizio Rock () ligg 190 meter mot nordaust, Ibar Rocks () ligg 860 meter mot søraust, Bonert Rock ligg 730 meter i sør-søraust og Rosales Rocks ligg 500 meter sør for Figueroa Point. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar.
Neset er kalla opp etter løytnant Emiliano Figueroa González, som var navigatør ombord på transportskipet «Angamos» under Den chilenske antarktisekspedisjonen i 1950-51. Skjera harnamn etter sersjant Dovizio, som var med på Den chilenske antarktisekspedisjonen 1948-49, andreløystnant Mario Ibar, som leia marinesoldatane på fregatten «Iquique» under Den chilenske antarktisekspedisjonen 1946-47, kaptein Federico Bonert, som var andreoffiser ved transportskipet «Angamos» under Den chilenske antarktisekspedisjonen 1950-51, og sersjant Rosales, som var koparsmed på «Iquique» under Den chilenske antarktisekspedisjonen 1947.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske øyar sør for 60 ºS SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Figueroa Point» frå , den 6. desember 2012 og 10. november 2019.
Bakgrunnsstoff SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Nes på Greenwich Island