Leikanger herad (Leikanger kommune) vart oppretta i 1837 då formannskapslovene vart vedtekne, og nedlagd 1. januar 2020 då kommunereforma tredde i kraft.
Kommunen bestod av dåverande Leikanger prestegjeld, som tidleg på 1800-talet omfatta soknene Tjugum, Fjærland, Vangsnes, Leikanger, Feios og Fresvik. I dag er dette synonymt med bygdene Leikanger, Fjærland og Balestrand (unnateke Kvamsøy), samt Tingastad-området på sørsida av Fimreitehalvøya, i Sogndal kommune på nordsida av fjorden, og bygdene Feios og Fresvik i Vik kommune, samt Frønningen-godset i Lærdal kommune, på sørsida av fjorden.
Alle dei store stortingspartia utanom FrP har vore representert i kommunestyret, men KrF greidde ikkje stilla liste i 2007 og har sidan vore ute av lokalpolitikken. Venstre, Arbeidarpartiet, Høgre og KrF har alle hatt ordførarar, men Venstre er det partiet som har hatt vervet desidert lengst. SV og Senterpartiet har aldri hatt ordførarmakt, men begge har hatt varaordførarar, og Senterpartiet har hatt klårt flest.
Ordførarar i Leikanger 1837-1849
År Namn Yrke 1838-1839 Christian Gahrup Meidell (1780-1863) Oberstløytnant 1840-1843 Søren Lem Godseigar 1844-1847 Herman Brun (1804-1865) Kjøpmann 1848-1849 Harald Ulrik Sverdrup Kapellan
Ordførarar i Leikanger 1849-1934 I 1849 vart soknene Fjærland, Tjugum og Vangsnes skilde ut frå Leikanger, og danna Balestrand kommune.
År Namn Yrke 1849-1851 Herman Brun (1804-1865) Kjøpmann 1852-1853 Hans Johannes Brun (1826-1886) Handelsmann og hotellvert 1854-1857 Johan David Haslund (1812-1869) Sokneprest 1858-1868 Sjur Sæterlid Gardbrukar 1868 Hans Lem Godseigar 1868-1869 Johan Herman Brun (1833-) Handelsmann 1870-1873 Nils J Njøs (1835-1909) Gardbrukar 1874-1881 Lars M Husabø (1839-1928) Gardbrukar 1882-1884 Jakob Liv Rosted Sverdrup (1882-1884) Sokneprest, stortingsmann og statsråd 1885-1902 Jakob Bøthun (1851-1931) Lærar 1902-1907 Lars M Husabø (1839-1928) Gardbrukar 1908-1916 Nils Tjønn (1860-1920) Lærar 1917-1919 Hans N Grinde (1870-1958) Gardbrukar 1920-1922 Hans Flesche (1882-1926) Bankkasserar 1922 Knut Jordal Kjøpmann 1923-1934 Hans N Grinde (1870-1958) Gardbrukar
Ordførarar i Leikanger 1935-1991 I 1935 inntok partia lokalpolitikken i Leikanger. Kommunen heldt seg samla gjennom kommunereformene på 60-talet, unnateke ei lita justering 1. januar 1964: Eitorn-grendi vart ført attende frå Balestrand til Leikanger, medan Tingastad-området vart overført til Sogndal.
År Parti Namn Yrke 1935-1951 V Olav Tveit (1885-1959) Lærar og klokkar 1951-1957 V Per H. Bøthun (1898-1962) Lærar 1957-1961 V Hans Husabø (1900-1990) Gardbrukar 1961-1963 V Leif Loen (1899-) Lærar 1963-1975 V Arne Grepstad (1913-1975) Skatterevisor 1975 KrF Olav Straume (1909-1983) Fylkesarbeidssjef 1975-1977 H Lars Lefdal (1939-) Vegsjef 1978-1979 KrF Kåre Næss (1919-2004) Butikkmann 1979-1983 H Ola A Vestrheim (1925-) Gardbrukar 1983-1987 Ap Erling Olsen (1941-) Kontorfunksjonær 1987-1991 H Ola A Vestrheim (1925-) Gardbrukar
Ordførarar i Leikanger 1991- Frå 1. januar 1992 vart sørsida med soknene Feios og Fresvik overførte til Vik, medan Frønningen-godset vart overført til Lærdal. Leikanger kommune var etter dette identisk med Leikanger sokn på nordsida av Sognefjorden.
År Parti Namn Yrke 1991-1993 Ap Kjell Helleland (1946-) HVPU-koordinator 1994-1995 Ap Åsta Magni Hauge (1950-2019) Vernepleiar 1995-1999 V Nils Erling Yndesdal (1959-) Fylkesmiljøvernsjef 1999-2003 V Rolf Nesheim (1960-) Kontorfunksjonær 2003-2015 Ap Olav Lunden (1955-) Maskinførar 2015- Ap Jon Håkon Odd (1977-) Kontorfunksjonær
Leikanger kommune opphøyrde som eigen kommune 1. januar 2020 og er i dag ein del av Sogndal kommune. Ordførar Arnstein Menes, som kjem frå gamle Balestrand kommune, oppnådde prosentvis størst oppslutnad i gamle Leikanger kommune ved valet hausten 2019.
Kjelder http://www.leikanger.kommune.no/Styre/KOMMUNESTYRET.htm