Peter Marthinus Pedersson Bakkejord () var ein norsk fiskar, gardbrukar og stortingsmann frå Ankenes i Nordland. Han var medlem av Venstre.

Bakkejord dreiv fiske i Lofoten og på Finnmarka til kring 1880. Han tok då over farsgarden i Ankenes, dreiv i tillegg som snikkar og tømrar. Han var medlem av heradsstyret i 26 år, i fleire år var han varaordførar. Elles var han medlem av åstadsforlikskommisjonen og i mange år var han rettstolk i samisk og kvensk språk. Han var medlem av bygnings- og reguleringskommisjonen for den nye byen Narvik, åra 1898-1902 var han branndirektør for byen.

Bakkejord var einmannskrinsen Nordre Salten sin representant på Stortinget 1906-12. I begge dei to tingbolkane var han medlem av tollkomiteen, i den siste, 1910-12, også av Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Norske fiskarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet