Uret (frå latin Horologium) er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Kjende objekt mini|venstre|Stjernebiletet Uret slik det er for det nakne auga Stjerner Uret har ingen lyssterke stjerner. Alfa Horologii er den lysaste og er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,9, 115 lysår frå jorda. Beta Horologii er ei kvit kjempe med storleiksklasse 5,0, 314 lysår frå jorda. Uret har fleire variable stjerner. R Horologii er ei raud kjempe og Mira-variabel med ein stor variasjon, tusen lysår frå jorda. Ho har ei minste storleiksklasse på 14,3 og ein største storleiksklasse på 4,7. Perioden er kring 13 månader.

Djupromsobjekt Uret har mange djupromsobjekt og det er fleire kulehopar i stjernebiletet. NGC 1261 er ein kulehop med storleiksklasse 8, 44 000 lysår frå jorda. Kulehopen Arp-Madore 1 ligg i stjernebiletet, den mest fjerntliggande kulehopen ein kjenner til i Mjølkevegen, 398 000 lysår unna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Horologium» frå , den 13. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.

Bakgrunnsstoff

The Deep Photographic Guide to the Constellation: Uret Starry Night Photography - Uret Stjernebilete Star Tales – Uret Uret på Constellation Guide

Kategori:Sørlege stjernebilete Kategori:Stjernebilete