D/S «Søndhordland» er eit dampskip bygt i 1872 for Det Søndhordlandske Dampskibsselskab. Den første kapteinen for skipet var kaptein Simonsen som òg var ein av initiativtakarane til å skipe selskapet.

Skipet vart seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) i 1880 og i 1884 vart skipet forlenga frå 29,30 m til 35,40 m. Skipet var i teneste hos HSD til 1949, då det vart seld til Sigvald Waagen på Askøy og i Bergen og det vart omdøypt til DS «Skarholmen». I 1955 var det seld til opphogging.

Kjelder Skipet.no

Kategori:Norske dampskip Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1872 Kategori:Skip sluttsegla i 1955 Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:1872 i Noreg