Arthur Soltvedt Møbelfabrikk, også kjend som Pega Møbler, var ei familieverksemd som vart etablert i 1942 og var ein av dei første møbelprodusentane i Noreg med eit fokus på serieproduksjon. Verksemda var ein dei store aktørane innan norsk møbeleksport på 50- og 60-talet. Produksjonen vart avvikla i 2011.
Historie mini|Arthur Soltvedt Møbelfabrikk på møbelmessa i Köln, 1960.
Verksemda vart først etablert i Øystese under andre verdskrig, men vart flytta til Florvåg på Askøy, like utanfor Bergen, i 1948.
Opphavleg bestod produksjonen av enkle soveromsmøblar, men etter at eit samarbeid vart starta med den danske designaren Ib Juul Christiansen i 1952 vart den første Pega-hylla utarbeidd. Pega-konseptet utvikla seg til den største suksessen til verksemda; ein serie med møblar som kunne kombinerast med kvarandre på ei stor mengde forskjellege vis.
Pega-systemet vart ei viktig eksportvare allereie etter få år, og i periodar kan så mykje som halvparten av produksjonen ha vore retta mot eksportmarknaden, hovudsakleg til USA og Tyskland. Scandialine og ScandiaCraft var ansvarlege for eksport av Pega Møbler til USA.
Auka etterspurnad i utlandet førte til at verksemda flytta til nye lokale i Bakarvågen, eit lite stykke nord for Florvåg. Dette gav ei auke i golvareal frå 500m2 til 2 600m2 og mogelegheit for å tilsette ein større mengde personell.
I 1979 flytta verksemda på nytt; denne gong til nybygde fabrikklokale på Follese, på vestsida av Askøy, to år etter at det eigentleg var planlagd.
Frå 80-talet vart bedrifta offer for skiftet i bransjen frå tradisjonelle møbelprodusentar til store kjeder. Delar av eksportmarknaden forsvann, og behovet for tilsette fall kraftig. I 2003 var det berre 12 tilsette. Finanskrisen øydela siste rest av eksportmarknaden, og i 2011 valde leiinga å avvikle verksemda kontrollert før ein eventuell konkurs.
Arkiv
Arkivmaterialet etter verksemda er overlevert Hordaland fylkesarkiv. Arkivet etter verksemda gjer eit godt innblikk i norsk møbelindustri og eksport til Europa og USA, særleg på 50- og 60-talet. Det omfattande korrespondansearkivet gjev innblikk i eksportsituasjonen generelt for norsk møbel- og trevirkeindustri.
Arkivet inneheldt også ei stor mengd reklamebrosjyrar frå Pega Møbler og andre møbelprodusentar; norske og utanlandske. Dette medfører at arkivet har ein nytteverd for studentar og forskarar innanfor fagfelta økonomi og kunsthistorie i tillegg til den historiske verdien av materialet.
Referansar
: Familien Soltvedts klassiker, Bergens Tidende. Besøkt 17. desember 2012
Fossen, Anders B.: Askøys historie III - Vår egen tid. Bergen 1998, s. 124
Fossen, Anders B.: Askøys historie III - Vår egen tid. Bergen 1998, s. 188
: Legger bedriften på hyllen, Bergens Tidende. Besøkt 17. desember 2012
Kategori:Askøy kommune Kategori:Næringsliv i Kvam Kategori:Skipingar i 1942 Kategori:Nedleggingar i 2011 Kategori:Norske møbelprodusentar