Tollef Asbjørnsson Gjedrem () var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant frå Bjerkreim i Rogaland. Han var medlem av partiet Venstre.
Gjedrem var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han amtsskulen 1876/77 og deretter lærarskule i Flekkefjord. Frå 1881 var han lærar i heimbygda Bjerkreim i nær femten år. Han overtok farsgarden i 1885 og vart lensmann i Bjerkreim i 1896, ei stilling han hadde fram til 1923.
Gjedrem var ordførar 1894-96 i Bjerkreim, og hadde fleire kommunale og private verv. Han representerte einmannskrinsen Dalane på Stortinget frå 1906 til -21. Heile tida frå 1906 til -16 var han medlem av tollkomiteen, som sekretær bolken 1909-12 og som nestformann 1913-16. Medlem av jarnbanekomiteen ein større del av tida mellom 1918 og 1921. Siste valperioden på Stortinget var han medlem av utanrikskomiteen 1919-20, permittert i 1921, samt av fullmaktskomiteen 1919-21.
Frå 1921 til -32 var Gjedrem styrar av Noregs Bank si avdeling i Stavanger.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger amt Kategori:Ordførarar i Bjerkreim Kategori:Venstreordførarar i Rogaland Kategori:Folk frå Bjerkreim