Slangeberaren (frå latin Ophiuchus) er eit stjernebilde rundt ekvator på himmelkvelvinga. Slangeberaren var eit av dei 48 stjernebileta astronomen Klaudios Ptolemaios oppførte på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Slangeberaren ligg mellom Ørna, Slangen og Herkules, nordvest for sentrum av Mjølkevegen. Den sørlege delen ligg mellom Skorpionen i vest og Skyttaren i aust. På den nordlege halvkula er det best synleg om sommaren.

mini|venstre|Slangeberaren slik det er for det nakne auga.Allthesky.com

Barnardstjerna er ein av dei nærmaste stjernene til solsystemet (dei einaste som ligg nærmare er Alfa Centauri og Proxima Centauri) og ligg i Slangeberaren. Ho ligg til venstre for β og like nord for ei V-forma gruppe av stjerner.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ophiuchus» frå , den 10. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

The Deep Photographic Guide to the Constellation: Slangeberaren Star Tales – Slangeberaren Slangeberaren på Constellation Guide

Kategori:Stjernebilete Kategori:Ekvatoriale stjernebilete Kategori:Stjernebilete oppførte av Ptolemaios