M/S «Melandrott» var ein sjøbuss bygt for Alversund og Manger Dampbåtlag og levert frå A/S Stord i 1948.
Historie Skipet vart sjøsett 13. april 1948 og døypt av fru Fånesen. Båten vart klassifisert av Skipskontrollen og kunne ta 281 passasjerar. Systerskipet MS «Midthordland» vart levert året før frå same verft.
M/S «Melandrott» gjekk inn i ei av dei travlaste rutene til selskapet: Bergen-Frekhaug-Salhus-Isdalstø-Kvamsvåg og attende. I tillegg til mange fastbuande var det mykje hyttefolk som reiste frå byen til landet.
I 1951 vart selskapet slått saman med Lindås-Masfjorden Dampbåtlag til Bergen-Nordhordland Trafikklag. Skipet heldt fram i same ruta.
Selskapet vart òg nytta til rundturar. Til dømes vart «Melanddrott» i juni 1959 nytta på turar frå Bergen til Lysøen og Lerøyosen. Turen tok fem turar og kosta berre 5 kr.
Då det vart sett inn ferjer på strekninga Steinestø-Knarvik og vegane vart utbetra, vart det langt færre passasjerar for dei tradisjonelle rutebåtane, og i august 1973 vart «Melandrott» teke ut av ruta si. Skipet vart lagt i opplag i Florvåg. Hovudmotoren var utsliten og det ville kosta kring ein halv million kroner å få reparert motoren. Styret i selskapet valde derfor å selje fartøyet.
I september 1974 vart båten seld til Mr. Mallion G. Ashford i Kent i England, som tok han til River Midway ved Rochester på sørsida av Themsen. Her vart han ombygd til pub- og restaurantskip og fekk namnet «Ferry-Boat Inn». I 1975 var han flytta til Marry Port i Cumbria i Irskesjøen.
Skipet vart hogd opp i 1977.
Kjelder
Kategori:Skip frå 1948 Kategori:Norske lokalrutebåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:Skip bygde ved Aker Stord Kategori:Skip sluttsegla i 1977 Kategori:AMDL-eigde skip