Mingrelsk er eit kartvelsk språk som vert tala i låglandet vest i Georgia av mingrelar. Det er nærskyldt med lazisk, og dei to språka vert stundom viste til som eitt språk, zan, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje er innbyrdes forståelege. Mingrelsk er òg i nær slekt med georgisk. Mingrelsk vert rekna som eit truga språk av UNESCO.«UNESCO Atlas of the World's Languages in Danger»

Mingrelsk er hovudsakleg eit munnleg språk utan ein lang skrifttradisjon. Det har ikkje eit offisielt skriftssystem, men vert skrive med det georgiske alfabetet. Tradisjonelt har alle kartvelarar i Georgia brukt georgisk som skriftspråk. Dei eldste mingrelske tekstane blei nedskrivne på 1800-talet, og inneheld gjerne soger, folklore og diverse etnografisk litteratur. På 1930-talet kom det ut fleire aviser på mingrelsk. I nyare tid har det vore gjeve ut ein del ordbøker og mingrelsk litteratur, som poesi.

Språkdøme Frå eit mingrelsk folkedikt: iro mulas itsj'aruki, 'du skriv alltid at du skal koma'iro mulas itsjina. 'du sender alltid melding om at du skal koma'komits'ii, golvapiro, 'ver så snill, sei meg'muzjamisja gighina 'kor lenge må eg venta på deg?'

Kjelder

Kategori:Kartvelske språk Kategori:Språk i Georgia Kategori:Einskildspråk