Cape Bidlingmaier er eit klipperikt nes ved austsida av innløpet til Mechanics Bay, på nordsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Neset vart av amerikanske selfangarar kalla Morgan's Point, som vist på kartet til kaptein H.C. Chester frå 1860 av øya. Namnet Negros Head vart òg nytta i av amerikanske selfangarar i løpet av 1860–70-åra. Namnet Bidlingmaier vart gjeve av Den første tyske antarktisekspedisjonen, under Erich von Drygalski, som kartla neset i forbifarten og gjekk i land på nordsida av øya i 1902. Friedrich Bidlingmaier tente som magnetikar og meteorolog på ekspedisjonen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cape Bidlingmaier» frå , den 27. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes på Heard- og McDonaldøyane