MF «Gjemnes», seinare MF «Edøy», er ei bilferje som vart levert for Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Ferja vart bygt ved A/S Stord i 1949. Ho gjekk i rute frå Kristiansund til Gjemnes fram til 1978, då ho vart seld til Lofoten Trafikklag som «Lofotferje I». I 1982 kjøpte MRF ferja attende og kalla ho MF «Edøy». Ho vart då sett inn i ruta Molde-Sekken, ei rute ho gjekk i heilt til 2008. Ferja er i dag ombygd til arbeidsfartøy og er i drift i Finnmark som «Sjøservice I».

I 1995 vart ferja nytta i TV-serien Julefergå.

Historie Ho vart sjøsett 28. juni 1949 og døypt av fru Bull-Andersen. Båten vart klassifisert av Det Norske Veritas og vart bygt med forsterka skrog som gjorde at ho kunne skjere gjennom tynn is. Ferja vart levert frå A/S Stord i november 1949.

«Gjemnes» vart sett inn i ruta Kristiansund-Gjemnes og tok over etter den gamle ferja MF «Trygg». Ferja var moderne for si tid, men fri høgd for gjennomkøyring viste seg etter kvart å vere for liten. Ferja kunne ta 330 passasjerar og 14 bilar. I 1972 vart overbygget demontert og ho fekk nytt overbygg på babord side. Bildekket vart òg forsterka og det vart montert hydrauliske fallemmar, i tillegg til at skansekledinga vart fornya. Samstundes fekk ferja ny motor. Ferja kunne no ta 18 bilar, men passasjertalet vart minka til 150. Ferja heldt fram i same ruta til 1978.

I 1978 vart ho kjøpt av Lofoten Trafikklag i Svolvær og ho fekk namnet «Lofotferje II». Alt i 1981 kjøpte MRF ferja attende og ho fekk no namnet «Edøy» og sett inn i ruta Molde-Sekken. I 1997 vart det utført ein del moderniseringsarbeid med mellom anna ny salonginnreiing. I 1990-åra vart ferja nytta i TV-serien Julefergå, som gjekk i adventstida fram mot jul.

Ferja var lenge det eldste fartøyet i drift for MRF, og var framleis i flåten då MRF vart ein del av Fjord1. I 2007 var det slutt og i desember 2007 vart ho selt som arbeidsfartøy til Leknes Sjøtransport i Haugesund og i 2008 vart ho ombygd. Fram til mai 2009 låg ho i opplag i Haugesund før ho vart seld til Nordive AS i Kvalsund/Hammerfest i Finnmark. Dei gav ho namnet «Nordive I». I desember 2011 vart båten seld vidare til Holmgrens Sjøservice i Kvalsund/Hammerfest og vart omdøypt «Sjøservice I». Båten er framleis i drift.

Kjelder

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:MRF-eigde fartøy Kategori:Fjord1-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1949 Kategori:Skip bygde ved Aker Stord Kategori:1949 i Noreg