Tyren (frå latin Taurus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Han ligg mellom Vêren i vest og Tvillingane i aust, medan Persevs og Kusken ligg nord, Floda og Kvalfisken sørvest, og Orion søraust for biletet.
Tyren er eit stort og markant stjernebilete på den nordlege himmelhalvkula om vinteren og er eit av dei eldste stjernebileta, datert attende til minst tidleg bronsealder, då det var plasseringa til sola under vårjamdøgn.
Tyren har fleire interessante objekt for astronomar. Tyren har dei to nærmaste opne hopane, Pleiadane og Hyadane, som begge er synlege for det nakne auga. Med første storleiksklasse er den raude kjempa Aldebaran den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Nordvest i Tyren ligg supernovaresten Messier 1, eller Krabbetåka. Eit av dei næraste områda for aktiv stjernedanning, Tyren-Kusken-komplekset, kryssar den nordlege delen av stjernebiletet. Den variable stjerna T Tauri er prototypen for ein klasse før-hovudseriestjerner.
Bakgrunnsstoff
The Deep Photographic Guide to the Constellation: Tyren Star Tales – Tyren Tyren på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Nordlege stjernebilete Kategori:Stjernebilete oppførte av Ptolemaios