Cape Sastrugi er eit spisst nes på vestsida av Deep Freeze Range, 1,5 nautiske mil (2,8 km) nordvest for Snowy Point og oppom den nordlege delen av Nansen Ice Sheet i Victoria Land. Det vart først utforska av Northern Party under Terra Nova-ekspedisjonen, 1910–13, og det fekk dette namnet av dei på grunn av store og omfattande sastrugi som hindra laget då dei kom til dette neset.
Kjelder
Kategori:Nes i Victoria Land Kategori:Scott Coast