Cape Washington er eit kjenneleg nes i Antarktis på 275 moh. Det ligg heilt sør i vika mellom Wood Bay og Terra Nova Bay i Victoria Land. Neset skil Borchgrevink Coast i nord frå Scott Coast i sør. Det vart oppdaga i 1841 av kaptein James Clark Ross i Royal Navy, og vart namngjeve av han etter kaptein Washington i Royal Navy, som var sekretær i Royal Geographical Society, 1836-40.
Kjelder
Kategori:Nes i Victoria Land Kategori:Borchgrevink Coast Kategori:Scott Coast