Jacobs Peninsula er ei massiv halvøy, 8 km lang og 4,5 km brei, som strekkjer seg aust frå Nash Range til Rossisen i Antarktis. Halvøya har ei høgd på over 800 meter over havet og er isdekt utanom enkelte klippeframspring langs kanten, som Cape May heilt nordaust på halvøya. Ho vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter Stanley S. Jacobs, ein oseanograf ved Columbia University sitt Lamont–Doherty Earth Observatory, som utførte fysiske og kjemiske observasjonar i Sørishavet, mellom anna i Rosshavet 1963–2000.

Kjelder

Kategori:Halvøyar i Antarktis Kategori:Shackleton Coast