Sotra er ei øy vest for Bergen i Øygarden kommune i Vestland. Ho er 175,90 km² stor og har om lag 20 000 innbyggjarar. På folkemunne femner ofte nemninga «Sotra» også om øyane Bildøyna og Litlesotra. I nord grensar Sotra til øyane Turøyna og Misje.

Tidlegare høyrde den nordlege delen av øya til Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya høyrde til Sund kommune. I samband med kommunereforma vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune i 2020 og heile øya ligg no i ein kommune.

Ei dansk omskriving av namnet, «Sartor», har tidlegare vore i bruk. Dette namnet vert i dag berre brukt av enkelte firma på Sotra (Sartor Storsenter, Sartor Maskin AS og Sartor Skytterlag).

Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra med ei høgd på 341 meter over havet. Eit anna fjell er Gardafjellet.

Sotra Sportsklubb sitt herrelag spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).26-åring blir første kvinnelige hovedtrener i 2.-divisjon. NRK. Vitja 19. juni 2020

mini|venstre|500px|Utsikt frå Liatårnet nordover mot Nessjøen, Møvik og skjærgården utanfor.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 1848 4049 13 216 20 300

Sjå òg

Fjell festning

Referansar