Paul Beach er ei grusstrand ved vestenden av Ample Bay i Bay of Isles i Sør-Georgia. Stranda er 1,0 km lang, graskledd i dei øvre delane med 35 meter høge klipper bakom. Ho grensar i aust til Gracebreen og i vest til klipper som strekkjer seg austover frå Markham Point. Stranda vart biologisk undersøkt i 1953-54 av to medlemmar frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Ho vart namngjeve frå FIDS etter Southern Paul, ein bøyebåt frå Salvesen kvalkompani ved Leith Harbor, som transporterte laget til Bay of Isles og som vart nytta av FIDS ved fleire høve.

Kjelder

Kategori:Strender i Sør-Georgia