Norsk bibliotekforening er ei fri og open landssamanslutning som vil fremje utviklinga av bibliotek-, dokumentasjons- og informasjonsverksemd. Foreininga har om lag 3200 medlemmar, av desse er 2100 personlege medlemskap, dei øvrige er bibliotek og andre institusjonar.

NBF blei stifta 25. oktober 1913 i Stavanger, under det 6. norske bibliotekmøte. Foreininga arrangerer landsmøta sine anna kvart år, framleis i tilknyting til dei norske bibliotekmøta. Leiaren for foreininga frå 2014 er Mariann Schjeide.Ny leder i Norsk Bibliotekforening

Norsk bibliotekforening har 16 lokalavdelingar. Medlemmar høyrer automatisk inn under lokalavdelinga i sin region. Foreininga har også 10 spesialgrupper der ein kan delta i forhold til eigne interesser. Organisasjonen gjev ut medlemsbladet Bibliotekforum. Foreininga sitt sekretariat ligg på Etterstad i Oslo, i same bygg som Biblioteksentralen. NBF si verksemd omfattar blant anna Tidsskriftformidlingen, eit agentur for tidsskriftabonnement, som har dei fleste norske bibliotek som kundar. Foreininga har tidlegare stått som utgjevar av katalogiseringsreglar og klassifikasjonstabellar for norske bibliotek, oppgåver som Nasjonalbiblioteket har teke over i dag.

NBF har sidan 1988 delt ut prisen «Årets bibliotek». Fleire av NBF sine lokalavdelingar deler også ut fylkesvise utmerkingar.

NBF er medlem av IFLA, International Federation of Library Assosciations and Institutions, og EBLIDA, European Bureau of Library, Information and Documentation Associations. NBF samarbeider med BIBSYS om dei nasjonale bibliotekmøta, og har eit jamnt og regelmessig samarbeid med forfattarorganisasjonane og andre utdannings- og skriftkulturorganisasjonar.

Årets Bibliotek Norsk bibliotekforening har sidan 1988 delt ut prisen for årets bibliotek. Prisen skal gå til eit bibliotek som i dei seinare år har "anvendt nye ideer eller som har utmerket seg gjennom et godt og effektivt samarbeid med de som bruker/styrer biblioteket". Framtidsretta, utradisjonelle og offensive tiltak innan kunnskapsformidling og kulturoppleving, marknadsføring, brukarvenlegheit og tilgjengelege, god service og god ressursutnytting kan vere kriteria for tildeling av prisen.

Prisen er tildelt: Time bibliotek i 2013 Lom folkebibliotek i 2012 Helsebiblioteket.no i 2011 Buskerud Fylkesbibliotek i 2010 Asker bibliotek i 2009 Skolebiblioteket på Breivang videregåande skole i Tromsø i 2008 Skolebiblioteket ved Stokmarknes barne- og ungdomskole i 2007 Ingen tildeling i 2006 Læringssenteret ved Høgskolen i Oslo i 2005 Østfold fylkesbibliotek i 2004 Det flerspråklige bibliotek i 2003 Deichmanske bibliotek, filial Holmlia i 2002 Ingen tildeling i 2001 Juridisk fakultetsbibliotek ved Universitetet i Oslo i 2000 Hammerfest folkebibliotek i 1999 Melhus bibliotek i 1998 NRK-biblioteket i 1997 Deichmanske bibliotek Torshov filial i 1996 Stavanger bibliotek i 1995 Biblioteket ved Lillehammer videregående skole i 1994 Hovedbiblioteket ved BI Handelshøyskolen i Oslo 1993 Kongsberg bibliotek i 1992 Nærøy folkebibliotek i 1991 Bokbussen i Vesterålen i 1990 Larvik bibliotek i 1988 Leiarar 2014- Mariann Schjeide 2012-2014 Ingeborg Rygh Hjorthen 2011-2012 Anette Kure (konst.) 2010-2012 Svein Arne Tinnesand

Referansar

Bakgrunnsstoff Norsk bibliotekforenings heimeside Bibliotekforum Spesialgrupper Lokalavdelingar Norsk bibliotekforening 90 år, kilder til foreningens historie. 2003

Kategori:Norske kulturorganisasjonar Kategori:Bibliotekvesen Kategori:Skipingar i 1913